OM BOKA | OMTALAR | 1977 | KJØP BOKA

Om boka

Det var dei somrane som ikkje slokna, men som blei igjen, som smaken av Fanta og lyden av måker og joggesko og skitne fotballar. Men vi hadde dei ikkje lenger for oss sjølv. Det tok oss mange år å finne fram til den vesle hybelen din der vi endelig kunne vere aleine igjen. Og no, når vi til slutt har funne den, har indianarane fått sideskil og armanidress, og Turtles har komme i ein ny Battle Nexus Edition, og ingen av dei kjenner oss lenger igjen.

I desse 19 novellene fortel Rune F. Hjemås presist og poetisk om menneske som deg og meg, i eit totusentalssamfunn der vi alle kanskje er indianarar, bak solbrillene og armanidressen.

FOTO: METTE KARLSVIK

Rune F. Hjemås (f. 1982 i Trondheim) debuterte i 2008 med prosasamlinga Eg er ikkje redd, eg er ikkje redd.